Gratis skolefritidsordning til fleire 1.klassingar

No får over 800 barn frå familiar med låg inntekt i 19 kommunar tilbod om gratis skolefritidsordning (SFO).

Arkivfoto/illustrasjon, Vidar Alfarnes SkoleMagasinet
Arkivfoto/illustrasjon, Vidar Alfarnes SkoleMagasinet

Det skjer etter at regjeringa i 2021 oppretta ei ny tilskotsordning. Målet var å få fleire kommunar til å tilby gratis SFO til elevar i 1. trinn frå familiar med låg inntekt.

– Skolefritidsordninga er ein viktig sosial arena for mange barn. Ho bidrar til inkludering og integrering. Derfor er eg glad for at vi no har fått på plass ei ordning som gir enda fleire barn frå familiar med låg inntekt moglegheit til å delta, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

12 millionar kroner til 19 kommunar

Tidlegare har Oslo, Drammen, Stavanger og Trondheim vore med i forsøk med gratis deltid i SFO.

Dette er første året at regjeringa sett av 15 millionar kroner slik at kommunar som ikkje allereie har egne ordningar med gratis SFO,  får høve til å søkje om tilskot for å etablere nye ordningar. Kommunane kunne søke om tilskot til både heiltids- og deltidsplassar, og dessutan tilskot til å dekke eventuelle kostpengar i SFO.

Dei 19 kommunane som søkte, har fått til saman 12 millionar kroner denne hausten (sjå tabell).

Fakta: Meir om regjeringa si SFO-satsing

  • I Granavolden-plattforma varsla regjeringa at ho ville innføre ordningar med redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO/AKS etter skoletid for barn av foreldre med låg inntekt. Regjeringa har sett i gang fleire tiltak:
    • Innført den første nasjonale ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO på 1.-4. trinn ved offentlege skolar
    • Innført gratis SFO for elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov
    • 15,2 millionar kr i 2021 til å opprette ei ny tilskotsordning til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar (omtalt over).
    • 3 millionar kroner i 2021 til å opprette ei ny tilskotsordning til redusert foreldrebetaling for 1.-4. trinn i SFO ved friskolar.
  • I juni 2021 fekk SFO for aller første gong ein nasjonal rammeplan, som styrker kvaliteten i innhaldet.

Desse får pengar til gratis SFO-ordning:

Kommune

Tilskot skoleåret 2021/22

Bodø

1 419 750

Flesberg

92 180

Gjerdrum

1 009 600

Hadsel

574 750

Harstad

391 490

Høyanger

321 750

Lindesnes

937 035

Lødingen

94 650

Moss

1 741 560

Narvik

1 155 000

Nordreisa

482 625

Notodden

2 235 600

Rindal

32 175

Røros

57 475

Sarpsborg

7 253 345

Skjåk

125 200

Stord

585 000

Trondheim

8 079 500

Åseral

138 820

Totalt

26 727 505