|
Kraftig auke i Digital mobbing |
|
|
|
|
Ivar Fjeld
|
|
Thursday 27. May 2010 |
|
Halvparten av norske ungdommar kjenner til digital mobbing i omgangskrinsen. Jentene er verst. Dette syner ei undersøking som TNS Gallup har gjort for «Du Bestemmer». I alt 603 ungdommar frå heile landet har blitt spurd, i alderen 13 til 16 år.
Jentene i denne aldersgruppa er hardt råka. Heile ei av fem av desse tenåringane har opplevd å bli plaga eller mobba på nett eller på mobil. Også Senter for åtferdsforsking stadfestar at det har vore ei auke i tilfelle av mobbing mellom elevar i ungdomsskulen. For elevane på den niande trinnet har det i tida 2004 til 2008 vore ei auke på 134 prosent. Digital mobbing er skuld i denne store veksten. Jenter mobbar mest Før var det tradisjonell mobbing som spark, slag og dytt mellom gutar som utgjorde mobbinga. I dag er det nettsamfunn og SMS som er blitt dei mest vanlege mobbekanalane, syner undersøkinga. Tala avslører at det er dobbelt så mange jenter som gutar som vert plaga med digital mobbing. Dette tyder på at jenter i større utstrekning nyttar digitale medie til å hetse og mobbe kvarandre, seier Kari Laumann i Teknologirådet og prosjektleiar for «Du bestemmer». |