Ver på vakt i januarsalet PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Ivar Fjeld   
tirsdag 03. januar 2012 09:00

I januar nyttar mange næringsdrivande salskampanjar for å lokke deg som forbrukar til butikkane. Forbrukarombodet ber forbrukarar utvise sunn skepsis overfor marknadsføringa.
Når butikkane i annonsar, eigne aviser og radio og TV annonserar “Sal!”, “Sjokkprisar” eller gir andre utsegn som tyder at du no kan gjere gode kjøp, skal det faktisk vere sal.

Varene som er “sal” skal tidlegare ha vore seld til den oppgitte førprisen i eit visst monn. Det skal med andre ord vere ein reell førpris, ikkje berre ein “lurepris”.
Utfordrande for forbrukarar å følgje med
Butikkane dessutan opplyse om den reelle førprisen i marknadsføringa, slik at både forbrukarar, konkurrentar og Forbrukarombodet kan vurdere kva “salet” inneber.

- Det er sjølvsagt vanskeleg for den einskilde forbrukar å vite om førprisane er reelle. Difor klagar forbrukarar til Forbrukarombodet. Men konkurrentane har ofte god greie kvarandre sine prisar, og tipsar oss ofte om feil, seier fagdirektør hos Forbrukarombodet Jo Gjedrem.
 

Kjelde: Forbrukarombodet.

Sist oppdatert tirsdag 03. januar 2012 09:05
 

Logg inn


Annonser

Annonse

Banner