Årets store høgdepunkt

– Når vi kjem heim frå BETT og er skikkeleg slitne, veit vi at det har vore nok ein vellukka London-tur, smiler Snefrid Halvorsen og Trond Lindefjeld.

Dei bur i lag, er begge lærarar på Eide skule og reiser meir enn gjerne saman til verdas største IKT- og EdTech-messe. For å få påfyll fagleg og sosialt.

– BETT er eit skattkammer. Ekstremt mange utstillarar, og eit utal kurs, visningar og foredrag. For oss er kanskje den siste biten det aller viktigaste. Men det nyttar ikkje å reise på BETT utan å ha gjort heimeleksa si. Det må snikrast ein rutetabell i forkant. Elles går ein seg berre heilt vill, forsikrar Lindefjeld.

Vi møtte lærarparet rett før Sir Ken Robinson skulle i aksjon på BETT Arena. Køane var endelause, og dei hadde valet om dei ville sjå han på ein storskjerm, eller prioritera å stå ein plass der lyden ikkje var så aller verst.

– Vi valte det siste. Det er ikkje overraskande med slike folkemengder, når Robinson entrar lokalet. I skjeringspunktet mellom IKT, kreativitet og utdanning er den utflytte engelskmannen truleg den aller største superstjerna, seier lærarane på Kopervik-skulen. Godt nøgd med utbyte også denne gongen.

Som dei fleste la merke til, hadde koding fått ein svært sentral plass under 2017-utgåva av BETT. Det passa fint for Eide-duoen.

– Skulen vår satsar friskt på koding, og eg fann fram til fleire spennande leverandørar under dagane i London. Fekk også tak i nokre filer som gjer at vi kan kode dronar i andre appar enn dei vi brukar i dag, røper Lindefjeld.

Vel heime frå BETT har lærarparet fått oppleve at Karmøy kommune investerer ekstra friskt i koding.

– Dei har hyrt inn kode-guru Espen Clausen til å halde kurs for lærarar ein gong i månaden, fram til sommarferien. Rektorane skal også få opplæring. Sjølv var eg nyleg på kurs, der eg og ein annan lærar programmerte ein legorobot. Det var jo berre fantastisk kjekt. Og det aller kjekkaste er jo at eg veit elevane våre kjem til å like det minst like godt. Eg har faktisk jenter i 7. klasse, som denne veka har vore kode-instruktørar for Snefrid sine 5. klassingar. Med stor suksess. Dette er verkeleg moro, smiler Trond Lindefjeld, IKT-ansvarleg på Eide skule.

BETT Snefrid Halvorsen og Trond Lindefjeld

Sir Ken Robinson Snefrid Halvorsen og Trond Lindefjeld måtte til liks med veldig mange andre ta til takke med ein plass på utsida av BETT Arena, då superstjerna stod på timeplanen.

Les mer fra BETT i papirutgaven som kommer til uken.