Ein skulekvardag i skyene

Tunge, mørke skyer over industristaden inst i Sørfjorden er historie. I dag er lufta friskare enn nokon gong, og ei usynleg sky over Odda er no sjølve motoren i opplæring og utvikling.

Odin Nøsen og Randaberg kommune var først ute, men det var då Trondheim følgde etter at Google Apps for Education (GAFE) for alvor kom på glid. Sidan har Asker kome med på laget, og Stavanger er på trappene.

Skulane i Odda har teke steget opp i skya på lag med Google. På bilete ser vi 8. klassingane Sebastian Myrvoll og Andy-Philippe Ndikumasabo i faget koding og programmering.

 I Hordaland er Odda framleis den einaste kommunen som har teke GAFE i bruk i oppvekstsektoren.
– Dei siste to, tre åra har Google si skyteneste og maskinpark teke store deler av verda med storm. Det vert hevda at mellom 50 og 60 prosent av alle skulane i USA i dag brukar Chromebooks og GAFE. Eller Google Suite for Education som det nyleg vart døypt om til. Nett det er vi ikkje så veldig imponert over, seier Sven Olav Brekke.

Enkel og gratis

Han er rektor på Odda ungdomsskule, og IKT-spydspiss i kommunen.
– I dag handlar det ikkje lenger om å ha kraftige datamaskinar, men om å ha kraftig tilgang til Internett. Alt ligg i skya. Då treng ein knapt ha pc-ar med lagringskapasitet i det heile. Og best av alt: Tenesta er både intuitiv, enkel og gratis. Tidsbruk knytt til oppstart og oppdateringar er meir eller mindre eliminerte. Det er også mykje lettare for elevane å dele dokumenter og filer, skryt Brekke.

 Uheldigvis for han har ikkje ungdomsskulen fått teke Chromebook og Chromebox skikkeleg i bruk.
– Då vi oppdaterte maskinparken for halvtanna år sidan, gjekk vi for Windows-maskiner. Det gjorde vi aller mest for å vera på den sikre sida når det kom til praktisk gjennomføring av eksamen. Men heldigvis har vi fått skifta ut ein god del av dei stasjonære, klasseroms-maskinene våre, og for framtida vert det garantert fleire Google-maskiner, forsikrar rektor Brekke.

Stabilt og raskt

Morten Ruud er den i Odda kommune med det overordna ansvaret for IKT-løysingar i skuleverket. Han fortel om eit grundig forarbeid, før valet fall på GAFE.
– Vi testa ut både Google og Microsoft si nettløysing Office 365 på eit par av skulane. Både lærarar og rektorkollegiet var i ettertid med på evalueringa. Både Google og Microsoft hadde mange av dei same fordelane, men vi landa likevel ganske enkelt på førstnemnde. Det handla mest om stabil funksjonalitet og at det fungerte raskare i driftsmiljøet vårt, fortel Ruud.

 Alle elevane på mellomtrinnet (5. til 7. klasse) har no fått eigen Chromebook. Og truleg kjem Odda til å følgje opp med dei aller yngste elevane i neste utrulling.

Tidstjuv forsvinn

I tillegg til å spare mykje tid, har den nye IKT-kvardagen i Odda også vorte langt rimelegare enn tidlegare.
– Utrulling og drift av Chromebook-maskinene belastar ikkje den kommunale IKT-eininga i det heile. Alt utstyret vert levert rett til skulane, og lærarane brukar kanskje eit lite kvarter på å få kvar ny elev opp og gå. Og brukaropplevinga er som natt og dag, samanlikna med tida då alt handla om Windows, konstaterer Ruud. Ein smule overraska og undrande til det faktum at så få framleis har henta Google-løysinga for undervising i den norske skulekvardagen.

 – Mindre enn ti sekund etter at eleven har fått maskina ut av sekken og plassert ho på pulten, er dei klare til bruk. Då har ein meir eller mindre kvitta seg med ein av dei verste tidstjuvane i norske klasserom.